Varslet vert laga av eit program som først reknar ut posisjonen til
måne og sol i starten av dagen som er valt (astronomiske argument).
Så hentar programmet dei harmoniske konstantane for stasjonen frå
eit datalager. Dei harmoniske konstantane er amplitude og fase i
Fourierrekka for tidevatnet og er funne anten ved målingar eller ved
modellsimuleringar. Fourierrekka vert summert saman, her med 6 ledd,
og resultatet, havnivået som funksjon av tida, vert tegna opp. Meir
om dette på denne
nettsida.
Animasjon av tidevatnet i Norskehavet:
|
Mørk blå farge er lågvatn og lys blå farge er høgvatn.
Bølgja kjem inn i Norskehavet frå Atlanterhavet nord om
Skottland. Den breier seg nordaust over mot kysten av
Vestlandet og vidare nordetter norskekysten og inn i
Polhavet og Barentshavet. |
|
|