Oppedal Bluesband






Bjarte Grimelid -gitar, munnspel
Halvard Oppedal -sang, gitar
Terje Oppedal - bass
Arne Oppedal -gitar, hammonorgel, piano
Oddvar Borlaug -trommer
 

Sisste nytt


Bandet kjem som navnet seier frå Oppedal på sørsida av Sognefjorden i Gulen komune. Bluesen er ein hobby, men vi ønsker å satse seriøst på musikken. To av oss er gardbrukarar, to er mekanikarar og ein tankbilsjåfør. Bjarte Grimelid og Halvard Oppedal starta akustisk rund -94 men etter kvart fekk dei med mange nok til å starte band. Vi spelar  stort sett eigne tolkingar av Chicagoblues. Vi har nokre eigne låtar på reportoaret, på nynorsk. Vi legg vekt på å spele ekte blues. "Blues with a feeling" er viktig for oss. Det er dansevenleg og vi har alltid god stemning på spelejobbane våre. "Eit liveband av ypperste merke", skreiv lokalavisa Ytre Sogn etter spelejobb i  Høyanger; der vi har vi spela mest. Vi spelar i fylket bl.a har vi vore på Balejazz. Men vi har og prøvd oss i Bergensområdet, bla Strilajazz i Knarvik og bluesklubben "Lokst Utøve" i Odda.

Vi håpar andre bluesklubbar o.l på Vestlandet er innteressert, gjerne andre stader i landet og - det er berre å ringe !

Bandet har no git ut 3 CD`ar som du kan få ved å henvende deg til bandet. Den fyrste var ein ein Demo-CD som er spela inn i POW studio i Høyanger. Denne består av tolkingar av 7 klassiske blueslåtar. Geir Hovik i "Hoviks Hangar" på P3 har spela ein del frå denne og gitt bandet rosande omtale. Norsk vestkystblues frå Oppedal - kalla han musikken. Ein klassisk blueslåt "Checking on your babe" frå denne CD`en låg ei stund på fyrsteplass på  fylkestoppen i Sogn og Fjordane.

Sisste nytt :

* Vi er no klare for Joss at! Fredag 5.juni 2009 er det berre å ta med dansesko og godt humør på stille på Joss Pub.

* Vi har spela to ganger på Sande Dansefestival på Sande i Subnnfjord. På You Tube kan du sjå litt av korleis det var:

* Vi er no klare med vår nye CD, som er innspelt på det gamle skyttarhuset i Høyanger som no er Pow Studio, Bjarte Johansen har vore teknikar. ”Kom hit” er titelen seier bandet til avisa Ytre Sogn 12.juli 2005. – Fire av melodiane er sjølvlaga på nynorsk, dialekt frå Oppedal seier vokalist Halvard Oppedal til avisa. Dei seks andre  spora er henta frå bluesheltane våre Chester Burnet (aka Howling Wolf) Buddy Guy og Jimmy Rogers. CD`en er trykt i 1000 eksemplar og vi vil sjølve stå for mykje av salet på spelejobbar. Elles skal Høyanger Foto og nokre andre lokale butikkar selge produktet. Sjølvsagt kan du tinge plata direkte frå oss, sjå tlf og E-post lenger nede på sida. No ser vi fram til Finnafjorden Blues og så jobbar vi med å få til ”sleppefest” for plata på Joss Pub til hausten, følg med i ”neste bolken…”

* Laurdag 30 juli 2005 står vi på scena i i djupt inne i Finnabotn på Finnafjord Bluesfestival. Du får gå inn på heimesida til festivalen og sjå kven andre som deltek, det er ein stor ”happening” for oss å få vere med på noko slikt. Vi snakkast vel i Finnafjorden…..

* Laurdag 27.desember, 3.juledag 2003 vert det Romjulsblues på Joss Pub i Høyanger. 
Høyanger Rock og BluesKlubb har lenge hatt planar om å kople saman duoen Billa and the Kid frå Sogndalsfjøra og Oppedal Bluesband. No har vi endeleg lukkast, seier Ottar Uglum. Dei vil rett nok ha kvar sine avdelingar på klubbkvelden, men vi skal ikkje sjå vekk frå litt improvisert samspel utpå kvelden.

*Onsdag 30.april 2003 er vi endeleg klare for å spele på Joss Pub i Høyanger att. Dette er noko vi har sett fram til lenge!! VEL MØTT!!
*
No er vi klare for Lokal Heeroes Weekend i Førde 14 desember 2001. 2.juledagspeling på Øren Hotell i Høyanger er nesten ein tradsjon.
*
Fredag 27. april 2001 spela vi på Øren Hotell etter konserten med Billa and tke Kid og Torsheimane.
*
Bandet har no spela inn nokre av våre eigne melodiar på nynorsk. Torsdag 13.09.01 skal vi prøve å få ein av dei: "Full kontroll" inn på fylkestoppen i NRK. Vil du høyre melodien og stemme på den kan du gå inn på NRK sine internettsider.
* Laurdag 30.09.00 skal vi spele oppvarming for Big Bil Morganfield på Fjordblues på Gloppen Hotell, Sandane. Big Bill er son av MacKinley Morganfield betre kjend som Muddy Waters, meir treng vi vel ikkje sei om den saka...MØT FRAM !!
* Vi har spela inn melodien "Onådans År" av svenske Peps Persson. Denne melodien er å finne på ein CD`en "Gulatonar" frå musikklivet i Gulen. CD`en kjem ut i samband med årtusenskiftet.
* Jobben i Odda 26.06.99 vart suksess. Like etter at vi kom heim at fekk vi melding om at vi er eit av dei 10 banda som får delta på Notodden Bluesfestival -99 si Talentscene. Der skal det kårast eit Union Bluesband som i premie bla får  opptre på festivalen neste år. Det var ein spent gjeng som reiste nedover på motorsykkel og bil m/"manager" i baksetet. Det viste seg å vere relativt høgt nivå på banda som deltok, så framtida ser lys ut for bluesen. Vi var litt nervøse i starten  men snart "satt" det og vi var godt fornøgde. Det var god stemning og blandt kommentarane vi fekk høyre var at vi var blandt banda som verkeleg spelte blues. Det viste seg seg at dei to banda som kom vidare frå "vår" semifinale var vinnarane og heimefavorittane frå Notodden.

 

 


Spelejobb og/eller CD :
Oppedal Bluesband
v/Bjarte Grimelid
Oppedal
5961 Brekke
tlf 57 78 45 20
E-post :
oppedal.bluesband@c2i.net

LINKAR : Bluesunionen Høyanger Rock og Bluesklubb Fender Gitar
Vi har vore på nettet sidan 6/6 - 99.

opp